Johan Sebastian Bach har komponert mange flotte stykke for orgel og i kveld, onsdag 12. april, vil kantor Ståle Helvig framføre nokre av dei påskerelaterte stykka som Bach har skrive.

Passacaglia og fuge er eitt av dei. Dette er truleg eit av Bach sine tidlegare verk, men samstundes eit av dei dei viktigaste og mest kjende. Tilhøyrarane vil også få med seg den store G-moll-fantasien og nokre orgelkoralar.

- Dette blir ein annan måte å skildre den store påskeforteljinga på, seier kantor Helvig som ønskjer alle vel møtt til Ulstein kyrkje.

Det er fri entre. Ytterlegare opplysningar finn ein på nettsida til Ulstein sokn.