Kristi lidingssoge gjekk som ein raud tråd gjennom konserten med Sunnmøre Kristelege Mannskor på Fredheim langfredag.

Sunnmøre Kristelege Mannskor, «Påskekoret», kom «heim» til Ulsteinvik langfredag. Tilhøyrarane i det bortimot fullsette lokalet let påskesol, påskekrim og påskegodteri ligge og tok vegen inn i det som er kjernen for denne høgtida, Jesus si liding, død og oppstode.

Eit mysterium

Lidingssoga er for mange eit mysterium, men som korsongar Leif Sæther understreka då han bar fram avskilsorda frå mannskoret; musikk og song kan formidle meir til hjarta enn rasjonelle tankar.

Konserten på Fredheim var avslutninga på ein to dagar lang turné dette tradisjonsrike koret har hatt, hovudsakleg i Nordfjord.

Korperler

Tilhøyrarane fekk med seg ei rekkje gode, gamle korperler som «Høgt frå den himmelske klåra», «I det djupe hav» og «Himmelske Fader», men det vart også framført nyare materiale. Mellom anna hadde koret for nokre år sidan eit samarbeid med Andreas Bjåstad. Dette resulterte mellom anna i at han sette tekst til ein russisk og ein jugoslavisk melodi, og desse vart framførte på Fredheim under titlane «Størst av alt» og «Nåden».

Av andre songar på repertoaret var mellom anna «O, bli hos meg», folketonen «Akk mon min vei» og den gripande påskesalmen «Fastetid». komponert av Sivert H. Geitvik med tekst av Johs. Barstad.

Mellom kvar songbolk las Sigmund Aksnes frå lidingssoga, frå natta i Getsemanehagen til Jesus anda ut på krossen på Golgata.

Koret består av songarar frå heile Sunnmøre, også frå ytre søre er det ein heil kontingent som er med. Dei samlast i det store og heile berre to gonger i året, til påske og til ein liten turné på hausten.

Det er Svein Eiksund som dirigerer koret i dag, noko han har gjort i snart ein mannsalder etter at han overtok etter Johan H. Grimstad. Som kjent har Eiksund vore alvorleg sjuk siste året, men Lidvar Grimstad har steppa inn som dirigent i denne perioden. Svein Eiksund er no frisk att, men dirigentjobben tok dei på fellesen under denne turnéen.