Birgitte Lovise Urke har sansen for litt «flower power». Ho er utdanna blomedekoratør, og likar godt at det blomstrar rundt henne. Ho fortel at det er vitskapleg prova at blomar gjer noko med oss. Me blir meir kreative, mindre stressa og planter betrar luftkvaliteten.

Medan folk for nokre år sidan gjerne kjøpte fleire like plantar og sette ved sidan av kvarandre, er det no meir vanleg å blande stiluttrykk. Ein set små og store plantar ved sidan av kvarandre, matte og blanke og med ulike uttrykk. – Kontrastar er meir gjeldande, forklarer Urke.

Det har også kome tilbake ein del grøne planter som har vore vekke nokre år, som bregnar.

Pynt på gåver

– Alle gåver eg gir vekk har alltid ein frisk blom på seg, fortel Urke. Den friske blomen har ein god effekt på folk og gir ein meirverdi til gåva. Dette er ikkje eit vanskeleg tips å adoptere.

– Det er berre å knipe av ein blom på ein plante du har ståande, eller du kan bruke ei lita grein, tipsar Urke, som elles pakkar inn pakka i matpapir og naturhyssing.

Pynt i håret

Blomar er også ypparlege å bruke til pynt i håret. I staden for å bruke ein plastblom, kan ein like gjerne putte ein tulipan frå buketten på stovebordet i håret. Eller ein kan bruke andre blomar, alt etter kva ein har og kva ein likar.

Ikkje hig etter det perfekte

Urke meiner me ikkje bør vere så redde for å gjere feil. Alt treng ikkje vere perfekt. Kjøp ein blom du likar, og som gir deg noko spesielt.

– Ver trygg i deg sjølv, vel det du likar, oppmodar ho.

Sjå etter og bruk augo når du er ute i naturen. Sjå etter skattar, kanskje der er noko du kan ta med inn og bruke?

– Tor å ha kombinasjonar litt utanom det vanlege! Om det ikkje er ein trend, kan det gjer noko positivt med deg likevel.

Pynting til store festar

Når ein pyntar til store dagar som konfirmasjon, dåp eller bryllaup tilrår Urke å leggje ekstra pengar i flotte blomedekorasjonar framfor nips. Då får ein eit reinare og betre inntrykk, meiner ho.

Ho minner om at der finst fagfolk på Søre Sunnmøre, bruk dei! Her er folk som kan hjelpe så ein får det uttrykket ein er ute etter.