Gir det oss ein ny type fridom å kunne byggje eit bilete av oss sjølv i sosiale media, eller er det som å vere fanga i ei spegelpalass, meir som å hamne i eit slags helvete?

Me får høvet til å oppleve ei humoristisk tilnærming til desse spørsmåla når Teatret vårt reiser på turné like over påske med "Helvete er de andre". Dei kallar det ein filosofisk krangel forkledd som ein komedie.

Teatret Vårt utfordrar Sartre sin påstand om at me mistar fridomen vår når me byrjar å sjå oss sjølve gjennom andre sine auge. Det er lett å fordømme vårt overfladiske samfunn som viser perfekte menneske med perfekte liv på sosiale medie. Kanskje samfunnet vårt er eit ekstremt hevete i Sartre sine auge? Men ligg det ikkje også ein fridom i å manipulere vår eigen identitet?

Regissør Eline Arbo har skrive eit stykke om individets fridom i eksponeringskulturens tidsalder. Me møter fire karakterar som på ulikt vis forsøker å finne identiteten sin i ei verd som stadig blir definert av andre. Me lever i ei ekstremt individualistisk tid, men kor stor er eigenleg individet sin fridom?

Skodespelarar i denne framsyninga er Johanna Mørck, Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen og Lars Melsæther Rydjord.

Torsdag 20. april kjem framsyninga til Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.