Fredag 26. mai held Rak Marie Hatløy Sætre konsert på Club Sjøborg.

Rak Marie er fødd og oppvaksen i Eiksund. Dei fleste av lesarane våre har nok høyrd henne i ulike musikksamanhenger her heime, anten det har vore på Julenattine, BandCamp eller UKM.

Frå TV-skjermen kjenner me henne frå "Det store korslaget" og "The Voice". I 2015 gav ho ut sin første singel "I Won`t", som etter kvart vart ein gjengangar på NRK Møre og Romsdal. Songen vart også spela på nettradioar som Radio Ludo, Ordentlig Radio og Radio Ålesund.

Musikken hennar er full av kjensler og ulike stemningar som er tilnærma dagens popsjanger, skriv Sjøborg på heimesida si. Dei gler seg til å ønskje henne velkomen på Sjøborg med eigen konsert. Fredag 26. mai kjem ho altså med eige band.