Damekoret Corsonus, under leiing av Iris Tangen Nanseth, har kome som ein stormvind inn i den lokale korfamilien.

I dag, søndag 23. april, inviterer dei til «Robbel & Beat»-konsert i Hareidhallen m/band.

Dei lovar ei storslått oppleving.

Corsonus tel 38 medlemmar, busette i alle krinsane i Hareid. I tillegg har koret tre songarar frå Ulstein og ein songar frå andre sida av fjorden.

Alle i sin beste alder.

Koret syng i ulike sjangrar – alt frå pop til viser og folketonar. Dei syng mykje a capella og noko med ein eller fleire solistar.

Corsonus ønskjer å vere eit litt utradisjonelt kor som framfører musikk i ei «fresh drakt».

– Målet vårt er å fylle heile Hareidhallen med stemning frå golv til tak, men vi vil også by på det heilt vare og harmoniske.

– Dette blir noko for ein kvar smak. Vi satsar på å treffe eit kvart i alle, uansett forventning eller ynskje, skriv koret i pressemeldinga før konserten.