– Var ikkje det bra vel, sa folk til kvarandre på veg ut i snøføyka etter konserten. Mange var samde om at damekoret frå Hjørungavåg var i ein eigen klasse for seg denne kvelden.

Konserten starta sprekt med ein James Bond-intro. Frå høgtalarar strøymde den velkjende Bond-låten «Skyfall» medan det vart vist ein eigenprodusert video. I sikteholet fekk me sjå ein svart silhuett som rørte seg elegant til musikken. Innimellom gjekk det over til andre sjangrar. Silhuetten spelte både korpsmusikk og rappa. Introduksjonen fungerte fint som ein smakebit på kva publikum hadde i vente. Koristane er allsidige og tøffe damer.

Trykk og energi

Noko som særpregar CorSonus er trykken og energien dei utøver på scenen. Det er ei fryd å sjå dirigent Iris Kristine Tangen Nanseth i aksjon. Det er nesten som å sjå henne danse der ho dirigerer koret. Og den sterke energien frå henne smittar over på koret, som igjen yter maksimalt og gleder publikum med flott song sin. Det er så tydeleg at dei kosar seg i lag og med det dei driv med, at det til tider kan verke som dei berre leikar seg igjennom det, men på kvaliteten forstår me at her ligg det mykje øving bak.

Det var stort repertoar i songane dei framførte. Det gjekk på engelsk, norsk, svensk og romansk. Og alt vart framført klart, sterkt og utanboks.

Dyktige musikarar

Dei dyktige musikarane koret hadde fått med seg var med å løfte konserten. Det var Leiv Arne Nydal på fele, Kristian Lade på piano, Bjørn Helge Lervåg på bass og Børre Lervåg Dalhaug på slagverk.

«Gabriellas song» vart innleia av vakre feletonar. Her var det Eileen Hareide Brandal som var solist, noko ho gjorde meisterleg.

Det var mange flinke solistar denne kvelden og fleire høgdepunkt. Dei framførte alt frå kjende popsongar, folkeviser og balladar.

Favoritten min var kanskje framføringa av «Eatnemen Vuelie». Songen vart på informasjonsskjermen introdusert som siciliansk folketone, arrangert av Frode Fjellheim, men småbarnsforeldre kjenner nok denne songen best som introduksjonen til Disney-suksessen Frost.