I ei lita ”pause” frå Wiener Staatsoper, kjem Bror Magnus Tødenes heim for å synge i Larsnes kyrkje og i Sjøborg kulturhus 20. og 21. mai.

Det vert fin blanding av romansar og operaariar frå den klassiske litteraturen. Med seg har han sopranen Ida Katrine H. Johansen og pianist Olav Egge Brandal.

Tenoren Bror Magnus Tødenes har på få år gått frå å vere eit lokalt talent frå Eiksund, til å etablere seg på høgste internasjonale nivå i operaverda. Siste året har han vore i tilsett i solistensemblet ved Wiener Staatsoper og har hatt stor suksess i mange roller ved det internasjonalt renommerte operahuset. Han har hatt ei rad roller og konsertar på dei store opera- og konsertscenene ved Salzburg festspiele, Salzburg Easter festival, Festspielhaus Baden-Baden, Copenhagen operafestival, Festspela i Bergen, Roma, Reykjavik, Oslo, Stavanger og Bergen. Og han er alt engasjert i hovudroller ved kjende operahus ut 2018, når han no frå sommaren satsar vidare på karrieren som freelance songar. Det har ikkje vore lett å finne tid til å synge på ”heimebane”. Ei lita endring i programmet gjorde at han fekk permisjon frå Wiener Staatsoper, og nyttar høvet til ein snartur heim i lag med to andre flotte talent.

Sopranen Ida Katrine H. Johansen studerar til dagleg opera ved Universitet i Stavanger og har Elizabeth Nordberg-Schulz som lærar. Ho har hatt roller som m.a. Pamina i Tryllefløyten (Mozart), sunge i operaen David og Batseba (Kleiberg ) og har hatt houvudrolle i The little sweep (Britten). Ho har og sunge konsertar ved Filharmonia Romana i Roma/Italia, ved Oslo operafestival, Stavanger konserthus og Sandnes kulturhus. Talent og målretta arbeid resulterte i høgste karakter ved eksamen. Stemmene til Ida og Bror Magnus passar særs godt i lag, og ein kan rekne med ein duett eller to.

Pianist Olav Egge Brandal kjem frå Brandal i Hareid kommune, og er eit anna lokalt talent som er på veg ut i den klassiske musikkverda. Han har siste fire åra studert ved Grieg-akademiet i Bergen, og vil ta sin Mastergrad ved Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo. I Bergen har han utfolda seg som solist, kammermusikar og akkompagnatør på arenaer som Troldhaugen og Festspela i Bergen. Våren 2016 medverka han på CD-innspeling med musikk av Kjetil Hvoslef. Olav vil vise heimepublikumet sine kvalitetar som solist og akkompagnatør.