17. maitradisjonane står sterkt i Haddal. Mellom anna har haddølingane i generasjonar blitt vekte av fantetoget som herjar gjennom bygda grytidleg på morgonen. Slik også i år.

Fantane er også med og skaper ekstra liv og røre i dagens første tog, barnetoget som går frå Solsida til skulen om formiddagen. På skulen er det barnetime, før folk kan ta seg ein tur heim og slappe av litt for folketoget.

Folketoget gjekk i år nett den same ruta som det har gått i mannsaldrar. Avmarsj frå skulen, så hardt til høgre i retning Ytre-Haddal. Ved ytste svingen snur toget og marsjerer heilt inn til snuplassen ved Hammarskogen. Deretter fylgde dei same vegen attende og enda opp ved skulen.

Haddal musikkorps tok oppstilling på skuleplassen og spelte "Ja, vi elsker".

Etter ein liten pause dukka fantetoget opp på nytt. Denne gongen med eit lite tablå som tok for seg emnet samkjønna eksteskap. Her vart det kluss då to kvinner og to menn ikkje hadde planar om å gifte seg med nokon av det motsette kjønn, slik presten la opp til. Den gjenstridige presten vart bytta ut med ein av det meir samarbeidsvillige slaget og bryllaup vart det. Seremonien vart avslutta med raus utdeling av karameller.

Før folkefesten var det leikär og konkurransar på skuleplassen. Her kan folk bryne seg på mellom anna hesteskokasting og bruskasseklatring.