Tidlegare i veka uttalte Bror Magnus Tødenes på NRK Møre og Romsdal at han var meir nervøs før konserten på Sjøborg kulturhus, enn han er når han skal syngje på Wiener Staatsoper eller andre store konserthus. Etter konserten spurte me han korleis det gjekk med nervøsiteten.

– Eg var litt nervøs i starten, men det vart betre etter kvart. Det var eit veldig varmt publikum, eg kjende energien frå dei, seier Tødenes frå ein sofa på Sjøborg. Han har fått henta seg ein kopp varm kaffi. Dei siste dagane har han slite med influensa, men det var uråd å høyre medan han song. Han tok berre nokre ekstra turar til vassflaska under konserten.

Måtte leggje ut ekstrabillettar

Dei første billettane som vart lagt ut for sal gjekk fort unna. For at fleire skulle få glede av konserten, vart også galleriet opna. Det kom rundt 400 på konserten. Det var godt oppmøte frå både Eiksund og Brandal, heimbygdene til Tødenes og Brandal.

Det var spent stemning i salen då kultursjef Leif Ringstad ønskte alle velkomen til konsert og introduserte artistane.

– Bror Magnus er eit aldri så lite eventyr, rockegitaristen som har blitt operastjerne, sa Ringstad. Og det var kanskje for å ta del i dette eventyret at så mange hadde møtt opp på operakonsert sundagskvelden.

Det var heilt knyst i salen medan operasongarane song og pianisten spelte, men mellom kvart nummer braut det ut stor applaus.

Tødenes har mange gonger imponert oss med den mektige røysta si, anten det har vore operabankett eller Julenattine. Det var artig å sjå korleis han stadig utviklar seg og når nye høgder. Det er imponerande å høyre den kraftige røysta fylle heile den store salen på Sjøborg og kor lenge han greier å halde tonen.

Brandal har lenge vore flink til å spele piano, men måten han handterte flygelet på Sjøborg denne kvelden var i ei særklasse. Dei fire siste åra har han studert på Grieg-akademiet i Bergen. Det kunne gjerne vore eit nummer til der han fekk briljere aleine med tangentane.

Takknemleg og rørt

Etter musikarane hadde tatt oss med gjennom nasjonalromantikken, Italia, Frankrike og Tyskland, fekk dei ståande applaus. Publikum ville ikkje gje seg med klappinga før Tødenes sa «okei då» og song eit nummer til.

Han og resten av ensemblet var tydeleg rørt og takksame for mottakinga dei fekk. Det var mange kjende i salen, og etter konserten ville ikkje folk gje slipp på dei. – De må kome igjen, var oppmodinga frå alle.

Desse musikarane har tett program. Tødenes skal mellom anna ha audition i Paris i dag, tysdag, men dei vil veldig gjerne kome tilbake på Sjøborg og opptre i lag. Kanskje til jul, seier dei.

Kjekt å opptre med unge

Det var Tødenes i lag med faren Bertil som fekk idéen til konserten. Bror Magnus hadde lyst til å samarbeide med Olav Egge Brandal, sidan han også er herifrå. Dei var ein liten duo då dei gjekk musikklinja på Fagerlia vgs.

– Dei fire-fem-åra har gått utruleg fort, men me fann fort tonen igjen, seier Brandal.

– Så var det ein gyllen moglegheit til å samarbeide med Ida, gliser Bror Magnus og grip fatt i sin trulova. Ida Katrine H. Johansen syntest det var veldig godt å syngje på Sjøborg, og mange vart storleg imponert over den vakre røysta.

Ofte når dei opptrer samarbeider dei med folk som er ein del eldre enn dei. No syntest dei tre det var artig å få samarbeide med jamaldringar.

– Det var kjempe dette! var dei tre samde om.