Saman med ektefellen Thomas Stenersen utgjer ho bandet Eva & The Heartmaker.

At Eva også er ein «hitmaker», er uomtvisteleg. Torsdag 8. juni, spelar ho og ektefellen opp som akustisk duo, noko som gir publikum ein unik sjanse til å oppleve Eva frå ei meir intim side enn ein gjerne er vand til.

2016 vart Eva sitt verkelege gjennombrotsår – då ho gjesta TV-programmet «Hver gang vi møtes» og var i godt selskap i lag med bl. a. Wenche Myhre, Ravi, Admiral P og Henning Kvitnes. Av fleire nydelege tolkingar kan nemnast Henning Kvitnes-låta «Evig eies kun et dårlig rykte» og Oscar Danielsons «Besvärjelse», som ho hadde gjort til sin eigen song under tittelen «Vi lovar».

Konserterte som nybakt mor

Som om ikkje det var nok, fekk Eva sitt fyrste barn dette året – og midt i det heile heldt ho ei rekke konsertar over heile landet. Turneen kuliminerte med to utselde festkveldar i Operaen i Oslo.

Men før dette var Eva & The Heartmaker for lengst etablert  som ein av landets mest suksessrike popgrupper, med ei eiga evne til å produsere hits. Vi kan berre nemne pop-perler som «Mr. Tokyo», «Signals», «Gone in a flash», «Traces of you», «Joanna», «Calling You» og «Told You». Alle desse har dominert radiolistene og hausta gode ord frå både publikum og kritikarar.

Nytt album

Eva har ikkje tenkt å legge seg på latsida i 2017. Ho jobbar med nytt album og turnerer utetter våren og sommaren. Allereie i vår la ho ut på ny turné, og vitjar altså Sjøborg kulturhus torsdag 8. juni.

God stemning er garantert!