I over 18 år har Burøe reist omkring i landet som komikar – men det er først no han kan hevde å stå stolpestøtt og kan leve av det.

– Eg har spelt same forestilling i eitt år no – og skal gjere  det eit år til. Eg har selt 25.000 billettar, fortel mannen, som kjem frå fjellbygda Geilo, men snakkar oslodialekt i telefonen og er gift med ei sunnmørskvinne.

– Så du snakkar ikkje halling lenger?

– Jau, det gjer eg – når eg er heime. Og eg snakkar sunnmøring også.

Ta den.

Kona Marna Hauge Burøe er nemleg frå Åmdalen – og der har Ørjan vore mange gonger og har dermed skaffa seg solid innsikt i den sunnmørske humoren. Svigermora driv Galleri Tove i Volda.

– Dei er koselege plassar, desse sunnmørsbygdebyane – om lag like store. Ørsta meiner  dei er størst fordi dei har størst kjøpesenter og Volda har størst rundkøyring.

Slikt legg han merke til.

Og om Ulstein – tre tunnelar frå Ørsta og Volda – veit han at der har vore stor utvikling, og at kommunen har eit fint hotell og eit fint kommunesenter.

Burøe fortel at han set seg  grundig inn i dei plassane der han held show. Så han kjem til å vere godt oppdatert på aktuelle, lokale hendingar når han inntek Festivalteltet på Kulturalmenningen.

«Fordommer» bevegar seg hårfint på knivsegga heile vegen, heiter det vidare om showet. Med nærare 50 % skilsmisser i året meiner Burøe det er på tide at vi tek oss sjølve, forholda våre og borna våre på alvor.

Sjølv er han vore gift i 14 år.

Forestillinga tek tak i tabubelagde tema som sjalusi, sorg og fordommar, men også trivielle kvardagslege ting, som vi kanskje ikkje snakkar så mykje om.

Ørjan Burøe er ein komikar med svært mykje på hjartet. Han har eigen blogg og lang fartstid på radio, TV og ikkje minst på scenen. «Fordommer» er ei vittig og sterk forestilling med tette punchlines.

Det skal forresten bli spennande å høyre om geilomannen snakkar halling, oslodialekt eller sunnmøring.

Stad og tid:

Festivalteltet  fredag 9. juni .