Jorun Waage f. Holm er kjelda til Ingunn Røyset si siste bok «Brevet frå krigen». Laurdag 10. juni er det lokal lansering av boka i kinosalen til Sjøborg kulturhus.

Det er Ulstein historielag som står som formell arrangør. Ingunn Røyset fortel at ho har hatt ei nasjonal lansering av boka i Oslo – på Heimefrontmuseet. Der  var også Jorun Waage med. I Sjøborg blir det høve til å kjøpe boka med eller utan signaturar – og nokre bøker vil bli uttrekte mellom dei frammøtte.

Boka vart gitt ut på Samlaget i vår – og på nrk.no skreiv Leif Ekle at ho var «et varmt og nært dokument om ei ung jentes opplevelse av krig i Norge.» Samlaget karakteriserer boka som ei faktabok, spesielt retta mot barn og unge.

Sjølve bokbadet vil i hovudsak foregå som ein samtale mellom Ingunn og Jorun. Jorun fyller forresten 90 år over jul.

– Jorun har enno ei sterk forteljarevne og er flink til å gjere stoffet levande. Det er også meininga å vise ein del foto frå den rikt illustrerte boka, fortel Ingunn

Vidare er det planen at Ingunn Røyset skal bruke ein del stipendpengar ho har fått til å turnere. I 2018 kjem ho til å reise rundt til skulane i fylket i samband med «Den kulturelle skulesekken.

«Et fantastisk vitne»

Tilbake til sjølve boka: Jorun Emilie Waage var 12 år i 1940, bodde på Lindøya i Oslofjorden, rett utfor bryggene i hovudstaden, då krigen braut ut. Få har vore  nærare hendingane.

Meldaren Leif Ekle i nrk.no omtalar Jorun Waage som eit «fantastisk vitne».

Ingunn Røyset får også godord for å ha skrive boka i eit nøkternt språk, som er mynta på unge lesarar, slike som kanskje ikkje har ein slektning i live som enno kan fortelje ...

Boka er formgitt av Johanne Hjorthol, bildematerialet er stort og variert, delvis arkivbasert, delvis er det private foto frå Jorun sin familie.

Jorun hadde krigen så å seie utanfor kjøkkenvindauget. Ho blei vekt av SS-soldatar på jakt etter Max Manus, såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar og hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til.