«I filler av lys #2» er ein nyoppussa og utvida versjon av ein konsert med songar av Leonard Cohen i norsk språkdrakt i Odd Goksøyr sine omsettingar.

Dei Nynorske Festspela i 2013 framførte Goksøyr & Co «I filler av lys #1».  Med mange gode tilbakemeldingar. No prøver dei på nytt, med fleire vokalistar, musikarar og songar.

Konserten vil spenne over dei første 33 åra av Leonard Cohen si musikarkarriere, frå 1968 til 2001, og vil innehalde kjende og forventa songar som «Halleluja», «Fugl på ein streng», «Kjend, blå regnfrakk», «Chelsea Hotel #2» og mange fleire. Men også eksempel på kanskje mindre kjende, men ikkje mindre vakre, songar som «Alexandra reiser», «Din vilje skje» og «Boogie Street».

– Vi håper også at det å få lytte til songane i norsk språkdrakt kan gi ein ekstra dimensjon til opplevinga, at det vil verte lettare å ta del i det bilderike poetiske universet til lyrikaren Cohen, seier hovudpersonen Odd Goksøyr.

Lyden av songaren Cohen er det likevel uråd å kopiere, men som erstattarar til Cohen sjølv og «the sublime Webb Sisters» frå 2000-talet sine konsertar, stiller desse opp:

Vokal:

Gunn Marthe Pieroth, Arnhild Bjerkvik, Ronald Øvrelid og Odd Goksøyr.

Tangentar:

Peter Demirov.

Gitar:

Kåre Skare Lystad og Tormod Engen.

Bass:

Jan Thormodsæter.

Slagverk/perkusjon:

Miki Campins.

Fele:

Leiv Arne Nydal.