I sommar kan ungdom som vil lære eller utvikle seg i dirigentfaget vere med på eit utvida kurs i samband med Musikkveka i Ulsteinvik.

Det er Noregs musikkorpsforbund (NMF) Nordvest som med støtte frå instrumentsamlinga Dextra Musica lagar til ei eiga dirigentlinje under den allereie godt etablerte Musikkveka som i år går føre seg iUlsteinvik i ausgust.

Det er plass til seks deltakarar i alderen 16 til 19 år på kurset, og den første delen er lagt til Musikkveka 7.–13. august. Deltakarane skal seinare på hausten møtast igjen til ei helgesamling.

– Litt erfaring er nok ein fordel, men ikkje eit krav, skriv NMF om kurset på nettsidene sine. Interesse for dirigering er det viktigaste.

Fagansvarleg for kurset er den erfarne korpsdirigenten John Philip Hannevik.