Ei urframføring, delar av ei dødsmesse og "Ja, vi elsker" - konserten Smak av korsong i Ulstein kyrkje onsdag kveld hadde ein variert meny.

Arrangørkoret, Ulstein mannskor, opna det heile med ei avdeling spirituals som forrett. Herøy mannskor fulgte opp med rett nummer to, ein sommarleg inspirert bukett av to melodiar av trekkspellegenda Arthur "Bassar" Frantzen (1917 - 1993) frå Fosnavåg, den eine, "Helsing til Herøy", med tekst av Ivar Grimstad og "Sommarkveld" med tekst av Bassar sjølv.

Koret kunne også by på ei ei urframføring av "No luter blom på enger", der Harald Grimstad har skrive melodi og broder Arnljot har arrangert denne for kor.

Det er Robert Skeide som dirigerer både Ulstein mannskor og Herøy mannskor.

Dødsmesse

Arrangørane hadde invitert Ørstakoret, under leiing av Ketil Grøtting, til å ta del på konserten. Dei framførte delar av Gabriel Fauré sitt rekviem.

- 5. november vert det høve til å høyre heile verket i Ørsta kyrkje, opplyste dirigent Grøtting.

Ørstakoret hadde også den svenske "Sommarpsalm", "Ukulthula"- ei takkebøn frå Sør-Afrika og Edvard Griegs arrangement av folketonen "I himmelen, i himmelen" på spelelista.

Kan du sjå kva song dette er?:

"Som ei bru over open avgrunn, vil eg legge meg."

Det er heilt rett, det er "Like a bridge over troubled water" av Paul Simon. Songen er omsett til nynorsk av Olbjørn Øyehaug og var den siste i Ørstakoret si avdeling.

Dess fleire dess betre

Både Ulstein Mannskor og Herøy Mannskor har sine kvalitetar, men det er først når dei slår seg saman til eit kor på nærare 60 songarar at den særeigne mannskorklangen kjem til uttrykk for alvor. I fellesavdelinga, som vel må kallast hovudretten, fekk publikum høyre ei rekkje korperler av Johan H. Grimstad. Mellom anna "Barcarole" som Johan H. skreiv særskild til Ulstein mannskor og som han tileigna ein av koret sine trufaste songarar, Sverre Ottesen. Aksel Hauge var solist.

Dei to kora hadde også ei avdeling med spirituals før dei runda av med ei nasjonal avdeling. Her fekk først dei mannlege songarane i Ørstakoret lute seg inn i songen på "Naar fjordene blaaner", før songarane i alle tre kora framførte "Ja, vi elsker" i lag.

LES OGSÅ OMTALE I PAPIRAVISA LAURDAG 10. JUNI