Den 2. september ber Ulstein Group inn til stor jubileumsfest. Alle er inviterte! Medarbeidarar, bygdefolk og regionen elles får kome å ta del i feiringa.

I kveld vart det offentleggjort at det er Sigrid som kjem og syng.

Mange har nok høyrd songen hennar «Don't Kill My Vibe» som ho har hatt internasjonal suksess med i år. Då songen hadde premiere på BBC i vinter vart den kåra til "den hottaste låta i verda".

Songaren og låtskrivaren Sigrid Solbakk Raabe er frå Ålesund. Artistnamnet hennar er Sigrid. Til trass for hennar unge alder (ho er fødd i 1996) har ho ei lang røynsle som artist. Den første låta hennar "Sun" vart kåra til Ukas Urørt i 2013. Sommaren 2014 opptredde ho på Sommarfesten på Giske, Øyafestivalen og Jugendfest.

I 2016 signerte ho for plateselskapet Island Records.

Er glade ho har takka ja til å kome

Lene Trude Solheim i Ulstein Group seier dei er særs glade for at Sigrid har takka ja til å kome å syngje på jubileumsfesten.

- Sigrid er eit stjerneskot utanom det vanlege. På rekordtid har ho tatt musikkbransjen og konsertpublikum med storm, svarer på ho spørsmål om val av artist.

- Me håpar at mange har lyst til å kome og feire dagen med oss og høyre på Sigrid, avsluttar ho.