Torsdag var det tid for ein av forsommarens store «happenings», nemleg Sommarkonserten til Ulstein kulturskule.

Det er ikkje vanskeleg å verte imponert over aktivitetsnivået og mangfaldet til kulturskulen. Ulstein kulturskule har 500 elevar som driv med alt ifrå keramikk til tuba og noko av dette bobla til overflata under Sommarkonserten på Sjøborg sist torsdag.

Her fekk publikum oppleve strykeorkesteret «Ytre strok» som er samansett av elevar frå Hareid musikk- og kulturskule og Ulstein kulturskule og dirigert av Nadia Demorova. Ei anna samspelsgruppe var blåsegruppa som består av korpsmusikarar frå heile kommunen. Denne er det Jette Hougaard Holstad som hadde leiinga for.

Elles finst det samspelsgrupper både innan tverrfløyte, trekkspel og song. Publikum fekk også oppleve noko så særsynt som eit pianoorkester. Til og med eit innslag med klassisk ballett stod på programmet.

I tillegg deltok mindre grupper og solistar.

Mangfaldig

Det var i det heile ein svært variert konsert kulturskulen hadde å by på i år, med klassiske perler i foreining med musikalmusikk, pop og rock.

Under innslaga på scenen vart det samstundes synt fram på storskjerm, arbeid som elevane ved Visuelle kunstfag har utført. Dette var med på å forsterke inntrykket av den omfattande aktiviteten som går føre seg i kulturskulen sine lokale på Reiten gjennom skuleåret.

Fekk stipend

Annakvart år deler Ulstein kommune ut sitt kulturstipend, i samarbeid med dei to bankane Sparebanken Møre og Nordea. I år gjekk dette stipendet til Johannes Falk Davidsen og han fekk overrekt stipendet under Sommarkonserten av ordførar Knut Erik Engh.

– Han har vore fiolinelev ved kulturskulen sidan han var sju år. No ønskjer han å vidareutvikle seg som musikar og å kanskje kunne leve av musikken i framtida, sa ordføraren då han presenterte stipendmottakaren. Stipendet er på 20.000 kroner og Davidsen nytte pengane til å kjøpe ein ny og betre fiolin.

Konserten vart avslutta med Vestlandet sin nye «nasjonalsong», «Vestlandet», framført av alle aktørane som hadde vore i sving på scenen og sikkert av nokon av publikum også.