For tilbake i 2006, i planleggingsfasen før Con Moto sin avskilskonsert for Svein Eiksund i Ulstein kyrkje og Herøy kyrkje saman med det franske koret Syrinx, skjedde det noko høgst tilfeldig.

– Det var ei tung avgjerd å skulle gi seg, etter 24 år som dirigent for koret. Det blei gjort i verdige former, med ein flott avskilskonsert. Det mest merkverdige var det som skjedde då vi byrja å planlegge konserten. Vi fekk telefon frå eit reisebyrå som hadde søkt på nettet etter kor, der namnet mitt dukka opp. Reisebyrået hadde fått ein førespurnad frå eit kor og eit orkester i Bordeaux, som gjerne ville kome til Nordvestlandet, kring Ålesund. Dei lurte på om det var eit norsk kor i det området som kunne tenkje seg å vise dei litt rundt og lage til litt kring besøket deira. Tilfeldig nok øvde vi akkurat då på fransk musikk, mellom anna Édith Piaf, seier Eiksund og legg til:

– Det var jo veldig tilfeldig å få førespurnad frå eit fransk kor når vi øvde på fransk musikk, då. Men det sa vi ja til, seier han og smiler.

Det enda med at både eit kor og eit orkester kom til Ulsteinvik, og blei med på avskilskonsertane.

Ny reise til Bordeaux

Same hausten, i 2006, reiste Con Moto til Bordeaux i Frankrike, og heldt konsertar saman med Syrinx.

– Då hadde eg eigentleg slutta, men var med som invitert. Men så hadde det seg slik at eg kom tilbake som dirigent etter eit halvårs tid, og no er eg der framleis, seier Svein Eiksund.

Det oppstod også varige venskap mellom fleire av kormedlemmane den gongen. Eit av vennskapa har no ført til at initiativtakar Turid Bakken og resten av Con Moto nok ein gong skal til Bordeaux, 11 år etter førre gong.

– Turid fekk god kontakt med ein familie som var i det koret, byrja å studere fransk, og har reist til dei fleire gonger i etterkant av besøket vårt. Ho har jobba veldig med tanken om at vi skulle reise ned igjen til Frankrike, og no blir dette ein realitet. Tenk, kjennskap og venskap fører oss saman igjen, seier Svein Eiksund.

Til Bordeaux har Con Moto med seg norsk musikk, blant anna av Johan H. Grimstad og Edvard Grieg.

– Vi gler oss, seier han til slutt.