På nettsida til Sjøborg kulturhus byrjar dei å fylle opp hausten med fleire godbitar.

No i sommar tar mange sommarferie, og der skjer lite på kulturhuset, bortsett frå kino.

Men i august er det tid for Trebaatfestival. Då kjem Fredrik Steen og Grim Moberg. Det blir Tina Turner Show og mykje anna.

Teater

27. september kjem Barneteatret Vårt med Den lille havfruen.

Og 1. november er det framsyning av stykket Nashornet.

Opera

Laurdag 30. september er det oppsetting av Elskovsdrikken - miniopera av Donizetti. Operaen blir skildra eom ein sprudlande og stadig like populær komedie. Det handlar om kjærleik, kjensler og forviklingar.

Beatlemania 1967

Beatlemania-omgrepet vart skapt av hysteriet kring The Beatles som breidde om seg i eit omfang verda aldri hadde opplevd makan til.

I 1967 gav Beatles ut albumet Sgt. Lonely Hearts Club Band. Albumet er kåra til tidenes beste. Oppfølgjaren Magical Mystery Tour vart utgitt same år, og inneheld låtar i same sjanger. Men songane frå desse to albuma vart aldri framført live av det Beatles.

No, femti år etterpå, framfører Det Betales alle songane live i eit forrykande show.

6. oktober kjem dei til Ulsteinvik og held konsert, der publikum får høyre mellom anna "All you need is love", "With å little help from my friends" og "Penny Lane".

Sjef i eige hus

Ingvard Wilhelmsen kjem til Ulstein, med føredraget "Sjef i eige liv". Han vil snakke om å ta ansvar for eigne haldningar, kjensler og åtferd. Arrangementet er ein del av Ulstein kommune si markering av Verdsdagen for psykisk helse.

Brit Floyd

Den store konserten med Brit Floyd blir i Ulstein hallen 12. oktober.

Finn Kalvik

Fredag 3. november kjem visesongaren Finn Kalvik til Sjøborg med gitaren sin.

Christine Hope

9. november kjem "Vestlandets humordronning" Christine Hope med showet "Hope skulder kne og tå". Ho har fått veldig gode kritikkar for denne framsyninga, og 25 000 har sett showet.

Brothers in arms

Er du glad i Dire Straits bør du ta turen til Sjøborg 11. november. Då blir det ein hyllest til denne gruppa, av musikarane Ketil Strand, Lars Øverås med fleire.

Bugge Wesseltoft

Den 14. desember kjem Bugge Wesseltoft. "Snowing in my piano" vart laga ut frå eit ønskje om ro og fred i jula. SÅ denne kvelden kan du kome til Sjøborg, senke skuldrane og nyte vakker pianomusikk. Dette er balsam for sjela og julestemning på ein gong.

Til våren

Og til våren, nærare bestemt 7. mars, kjem Ingrid Bjørnov med "Stainway to heaven".