Dei siste dagane har sommarvêret endeleg slått inn over Hareidlandet, med fine temperaturar og mykje sol.

Det er godt nytt for dei som er på heimebane i ferien denne sommaren, men uansett om du er heime eller borte, så ønskjer vi å sjå kva du gjer på denne sommaren.

Er du på ein spektakulær tur, tek du livet med på i strandkanten eller brukar du ferien til å jobbe?

Send inn dine sommarbilete til redaksjon@vikebladet.no og skriv gjerne litt om kva du gjer på denne sommaren.

Bileta samlar vi i ein stor bileteserie i toppen av denne saka.