– Eg er «crazy» etter bunad. Dei har så fine mønster og fargar, seier Loredana oppglødd ikkje lenge etter eg har gått inn dørene på arbeidsplassen hennar på E-design på Hareid.

Ho heiter eigentleg Ligia-Loredana Bologa, men fortel at det er ingen som brukar Ligia, ikkje ein gong i Romania. Til vanleg vert ho kalla Dana.

Dana er frå universitetsbyen Cluj-Napoce, ein by som ligg i den historiske regionen Transylvania og er Romania sin andre største by.

– Eg studerte til ein mastergrad i forretningsadministrasjon og arbeida i ei periode som rekneskapsførar for ei stor matvarekjede i same byen, seier Dana.

Ho forstår med det same at folk kan byrje å lure på korleis ho har enda opp med å sy bunadar på Hareid når ho fortel om dette og oppklarar raskt:

– Eg har sydd og teikna kle som hobby så lenge eg kan hugse. Mykje av fritida gjekk med til det, både då eg var student og då eg arbeida som rekneskapsførar. På den måten fekk eg mogelegheita til å bruke fantasien og kreativiteten min, seier Dana.

Hobbyen utvikla seg etter kvart til å bli jobben hennar, då ho etter nokre arbeidsår i Romania flytta til London. Der fekk ho for første gong arbeide som designassistent, og fekk både teikne og sy kle.

– Om du kan arbeide med noko du likar, så føler ein seg på ein måte så fri, fortel Dana.

Ho trur det var kreativiteten, hennar eigne idear og stil som gjorde at ho fekk jobben som designassistent i London.

– Eg ser på kle frå ulike synspunkt. I tillegg elskar eg fargar og mønster. Kanskje det er difor eg er så glad i bunadar også?

Frå London til Hareid

Etter eit år i London flytta ho til Noreg. No har ho vore her i 8 år og bur for tida på Sula saman med sonen på 6 år. Dagleg pendlar ho til Hareid for å sy bunadar og arbeide i butikken til E-design.

– Det var heilt tilfeldig at eg kom i kontakt med Elin Rørvik som driv E-design på Valderøya. Så det heile starta der. Då eg var ferdig med mammaperm fekk eg spørsmål om eg kunne tenke meg å arbeide på butikken på Hareid, då dei trengde fleire folk der, seier Dana.

Å sy bunad lærte ho av Elin og dottera Ane Sofie Rørvik Blindheimsvik, som er dagleg leiar på butikken på Hareid.

– Eg syns det er både fint og spesielt at ein tek vare på gamle tradisjonar og at folk brukar bunad i Noreg. I Romania bruker ein ikkje nasjonaldrakta på same måte, seier Dana.

Ho minnest då ho fekk oppleve 17. mai-feiringa for første gong.

– Eg var så fascinert av alle dei flotte bunadane, og tenkte: Wow! Folk ber bunadane sine så stolt, og det er så bra, seier ho entusiastisk og legg til:

– Eg likar best smykka og sølvet ein brukar til bunaden. Og festskjorta som høyrer til Sunnmørsbunaden, den er flott.

Har du lyst på bunad sjølv?

– Eg føler ein må gjere seg fortent til å ha ein bunad, men det er klart eg kunne tenkt meg ein bunad sjølv, seier Dana.

Sjølv om ho trivst godt med å sy bunadar, legg ho ikkje skjul på at ho kunne tenke seg å teikne kle i framtida.

– Eg har jo ein draum om å kunne designe eigne kle også her i Noreg, seier ho.

Loredana er ei fargerik dame full av liv som har opplevd mykje så langt i livet. Ho har ein viktig livsfilosofi:

– Om ein planlegg eller tenkjer for mykje på ting, så er det fort gjort at ein ikkje vel å gjere det. Viktigast er det likevel å ikkje vere lei seg over dei vala ein har tatt. Ein er den personen ein er på bakgrunn av dei tinga som har skjedd og dei vala ein har tatt. Eg meiner at alt har ei meining her i livet, seier ho til slutt.

Ane Sofie Rørvik Blindheimsvik (t.v.) er dagleg leiar på E-design på Hareid. Loredana og Ane Sofie er både gode kollegaer og vener. Foto: Ragnhild Vartdal