NRK har tilbake i Ulstein for å halde fram filminga av den nye dramaserien «Heimebane».

I morgon, torsdag, blir første dag med filming.

Første runde av filming på Sunnmøre gjekk føre seg i mai. Då varsla dei at dei ville kome tilbake å filme meir i august, og no er dei altså tilbake.

Også i denne omgang er det mogleg å få prøve seg som statist. Torsdagskvelden er dei på jakt etter 4–5 statistar (ungdom) som kan stille opp med scooter.

TV-serien skal handle om Helena som blir Noregs første kvinnelege fotballtrenar på toppnivå for herrar. Men serien handlar ikkje berre om fotball, me får også følgje rollefigurane på heimebane.

Serien skal gå på sundagskveldane neste år og er omtala som det "Det nye Himmelblå".