Filmskaparen Tor Sivertstøl, med bakgrunn som TV-fotograf for NRK, mellom anna i Oddgeir Bruaset sitt NRK-program "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", har gjort det igjen. Den særs dyktige larsnesingen, som dei seinare åra mellom anna har produsert den prisbeløna filmen "Lysleite", også for NRK, har no følgd Kari-Anne Nilsen på nært hald.

Rebecca Nedregotten Strand frå Ulsteinvik har co-regi på serien, og produksjonen er i samarbeid med NRK Hordaland. Serien blir vist i seks episoder.

- Satsa alt på eit liv på gyngande grunn

Slik beskriv Tindefilm serien sjølv:

- I serien «Kari-Anne på Røst» møter du Kari-Anne Nilsen som har satsa alt på eit liv på gyngande grunn. Ho flytta frå ein veglaus gard i ein trong fjord på Sunnmøre, ut til havgapet sør i Lofoten. Der sauene er øyhopparar og båt viktigare enn fjøs. Men ho er ikkje berre bonde. I kommunen med 535 innbyggarar er det alltid noko ein kan bidra med. Bli kjent med fiskaren, kyrkjetenaren, radiorøysta, landskapspleiaren og livsnytaren Kari-Anne. Ingen oppgåver er for små, ingen for store.

Det var Nilsen som dreiv Ytste Skotet i Storfjorden ei stund, og Sivertstøl fortel at det var der han først knytta kontakt med ho, under produksjonen av "Der ingen skulle trua at nokon kunne bu".

Kari-Anne Nilsen flytta frå ein veglaus gard i ein trong gard på Sunnmøre, ut til havgapet sør i Lofoten. Foto: Tor Sivertstøl/Tindefilm.
Nydeleg natur kombinert med nydeleg fotografi. Foto: Tor Sivertstøl/Tindefilm.