Karina Pieroth er godt kjend for si stemmeprakt lokalt, men onsdag kveld er det berre å benke seg framfor TV-skjermen når ho skal syngje framfor det norske folk i musikkonkurransen The Voice på TV2. 
            (Foto: Robert Dreier Holand/TV2.)

Karina Pieroth er godt kjend for si stemmeprakt lokalt, men onsdag kveld er det berre å benke seg framfor TV-skjermen når ho skal syngje framfor det norske folk i musikkonkurransen The Voice på TV2. Foto: Robert Dreier Holand/TV2.

To Ulstein-jenter er med i musikkonkurransen The Voice på TV2:

– Magisk oppleving

Onsdag er det Karina Pieroth sin tur til å gripe mikrofonen og overtyde mentorane i The Voice. Kaja Rode er allereie klar for neste runde. Begge jentene er produkt av kulturskulen i Ulstein.

– Så definitivt. Ulstein kulturskule har vore med på å forme meg, både innanfor musikken og mykje anna, seier Karina Pieroth til Vikebladet Vestposten.

Onsdag kveld står ho på scena framfor mentorane Lene Marlin, Morten Harket, Yosef Wolde-Mariam og Martin Danielle i den TV2-sende musikkonkurransen The Voice. No er det ikkje noko stor hemmelegheit at episoden allereie er spelt inn, men Pieroth kan sjølvsagt ikkje seie noko om utfallet.

– Opplevinga av å vere der var magisk. Backstage hadde eg kjærasten min Stefan Skjerdal Stier, mamma og pappa. Den som var mest nervøs den dagen var Stefan. Eg var veldig roleg heile dagen, heilt fram til rett før eg skulle på. Då var det som at det svartna for meg. Så eg hugsar ikkje så veldig mykje av det, eigentleg. Men stort var det, seier Pieroth flirande.

Gjekk for Yosef

Fredag i førre veke stod Kaja Rode på same scena, og gjorde det så bra at ho kunne velje og vrake mellom dei fire mentorane. Valet fall på Yosef.

– Det var eit rimeleg enkelt val. Han har ei fin utstråling, er kul og rett på sak, seier Rode.

Som også trekkjer fram Ulstein kulturskule som viktig for hennar utvikling.

– Eg kjem opphavleg frå Oslo, men familien min flytta til Ulsteinvik då eg var ti. Eg byrja på barneskulen, og ganske raskt også i kulturskulen. Eg kom også raskt inn i musikkmiljøet. Musikk er noko eg verkeleg brenn for, og det er i stor grad musikkmiljøet og kulturskulen i Ulsteinvik som har hjelpt meg dit eg er no. Songlærarinna mi Kari Aske Osnes betydde mykje for meg, seier Rode.

Kaja og familien har sidan flytta til Nesodden, men ho fortel at ho har mykje av vennekretsen sin i Ulstein, og at ho så ofte som ho kan kjem heim ein tur.

– Eg budde i Ulsteinvik halve livet mitt, og føler eg er mest ulsteinvikar. No gler eg meg til å kome heim neste gong, seier Rode, som kjem heim for å syngje under årets Hareidsstemna.

Musikk heile livet

Karina Pieroth fortel at ho har sunge heile livet, og at musikkinteressa kom tidleg.

- Eg hugsar at eg allereie i barnehagen, då eg var 5 år, fekk spørsmålet om kva eg ville bli. Popstjerne var svaret som kom heilt naturleg. Musikkinteressa har alltid vore der. Musikk er ein del av min identitet. Eg byrja etter kvart på Ulstein kulturskule, der eg først og fremst dreiv med ballett og jazzballett gjennom 11 år til saman. Så tok eg songtimar ein periode, var med i ulike barnekor og Ten Sing. Då eg skulle velje linje på vidaregåande, fall valet på musikklinja ved Fagerlia vidaregåande skule.

Karina fortel som sagt at ho har mykje å takke kulturskulen i Ulstein for.

- Eg har fått mykje bra ut av å ha vore med i kulturskulen. Sjølv om eg ikkje song heile tida, så jobba eg mellom anna mykje med uttrykk og korleis eg kunne vise kjensler på scena.

Oppmoda om å søkje

Karina fortel at ho blei ringt opp av Nordisk Film som ein kamerat av ho hadde anbefalt å ta kontakt med ho.

- Eg fekk ein telefon der dei sa dei ville ha meg med. Så sendte eg inn ein søknad, og blei tatt med til ein tidlegare runde, der eg song for ein liten jury. Etter fleire innleiande rundar, kom eg vidare til den første ordinære runden. I år er nivået skyhøgt, så det er eit stort kompliment å få vere med i første runden, seier Karina Pieroth.

- Overveldande

Kaja Rode fortel at det var veldig spesielt å få ta del i ein av Norges mest kjende musikkonkurransar.

- Det var heilt overveldande. Då eg i tillegg gjekk vidare, og fire av fire mentorar ønskte å ha meg med vidare, tek eg det som eit teikn på at eg bør satse vidare på musikken, seier Rode og flirer.

Ho ser på deltakinga i The Voice som ei moglegheit til å få eit innblikk i musikkverda.

- Kanskje gjer dette at eg får lyst til å drive med musikk på heiltid? Ein veit aldri korleis livet artar seg.

Kaja fortel at det var mamma Veronica som melde ho på konkurransen, og at ho har vore hennar største støttespelar heile vegen.

- Mamma er viktig for meg, og hadde det ikkje vore for ho hadde eg ikkje gjort dette, seier Kaja Rode.

Som ønskjer å nå heilt til topps i konkurransen.

- Det er ikkje noko å leggje skjul på at eg ønskjer å nå langt, nei. Men det står att å sjå kva som skjer, seier ho til slutt.

Vidare Kaja Rode, som budde mange år i Ulsteinvik, er vidare i The Voice. 
            (Foto: Arkiv.)

Vidare Kaja Rode, som budde mange år i Ulsteinvik, er vidare i The Voice. Foto: Arkiv.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre