Konfirmasjon 2017:

Litt overraskande avslutning på gudstenesta

Konfirmasjon i Ulstein kyrkje 2017.

Kultur

Denne helga er det konfirmasjonshelg i Ulstein. 102 konfirmantar står for presten, fordelt på fire gudstenester. To i dag og to i morgon.

Sokneprest Margit Holte snakka i preika si om generasjon perfeksjon, men ho minna dei om at kvar og ein av dei er perfekte, akkurat som dei er.

Og på veg ut i sola marsjerte soknepresten og kateket Bjørn Losvik og alle konfirmantane til tonane frå "Supermann"-temaet, flott framført på orgelet av organist Ståle Helvig.