Unn Conradi Andersen, opphavleg frå Ulsteinvik, debuterer i haust med romanen "Alt uavklart". I november tek ho del i arrangementet Boknatta ved Ivar Aasen-tunet.

I følgje programansvarleg Monika Haanes Waagan er Boknatta eitt av fleire høgdepunkt i Ivar Aasen-tunet denne hausten. Som nemnt deltek Unn Conradi Andersen, men også forfattarane Marit Tusvik og Lars Amund Vaage er med. Tusvik kjem med boka "I hans armar" og Vaage med novellesamlinga "Den vesle pianisten". Elin Furubotn og Torbjørn Økland deltek med musikalske innslag og journalist Maria Dyrhol Sandvik vil leie samtalane med dei tre forfattarane.

- Fagleg og litterært påfyll og gode musikk- og matopplevingar er stikkord for haustens kulturprogram i Ivar Aasen-tunet, seier Haanes Waagan i ei pressemelding frå Ivar Aasen-tunet.

Ho fortel at haustprogrammet inneheld noko for dei fleste, alt frå apen Julius til Martin Luther og den vesle fuglen Papelina.

- På plakaten står også poesikonsert med Edvard Hoem og julekonsert med Aasmund Nordstoga. Dei yngste kan gle seg til familiedag første søndagen i kvar månad, heiter det.