The Voice er ein sangtalentkonkurranse der fire mentorar skal velje kva deltakarar dei vil ha med vidare på sitt lag utan å sjå dei på førehand. Etter at deltakarane er valt ut, vert dei eliminert bort ein etter ein etter å ha duellert mot kvarandre. Onsdag 20. september er første duellrunde og først ut mellom våre lokale deltakarar er Elise Nærø frå Fosnavåg. Ho skal duellere mot Katharina Frogner Kockum frå Åros.

Fredag 22. september vert det eit gjensyn med dei to ulsteinvikarane Karina Pieroth og Kaja Rode. Karina skal konkurrere mot Nora Chayed frå Vennesla og Marius Brustad frå Oslo, alle er på teamet til mentor Martin Bjercke. Kaia har Yosef Wolde-Mariam som mentor og skal duellere mot Tina Indrevær frå Bergen, også ho frå team Yosef.

Karina Pieroth frå Ulsteinvik møter Nora Chayed fra Vennesla og Marius Brustad fra Oslo. Foto: Robert Dreier Holand