Både Kaja Rode og Karina Pieroth gjekk vidare til "knockout-rundene" i songkonkurransen "The Voice - Norges beste stemme". Det er klart etter at begge var ute i duellar, som vart sendt på TV2 fredag kveld.

Kaja Rode måtte ut i ein tøff duell mot Tine Indrevær for å overbevise sin mentor Yosef-Wolde Miriam, og Madcon-stjerna hadde store problem med å velje mellom dei to. Til slutt måtte han likevel gå for Rode, som imponerte stort på songen  "Don't you worry bout a thing" av Tori Kelly og Stevie Wonder.

Også Karina Pieroth hadde ei tøff oppgåve, og ho måtte konkurrere med to andre frå Martin Bjercke sitt team. Saman med Nora Chayed og Marius Brustad song Pieroth "Hurts so good" av Astrid S, og Karina presterte så godt at også Wolde-Miriam måtte gje henne tommel opp. Det var likevel mentor Bjercke som måtte overbevisast. Og det vart han. Dermed er begge Ulsteinvik-jentene vidare i konkurransen.

Kaja Rode gjekk vidare frå sin duell. Foto: Foto: Robert Dreier Holand