Barneteatret Vårt kjem på turnébesøk med undervassmagi for heile familien. I hovudrolla  i H.C. Andersens fantastiske undervasseventyr møter du Sofia, kjent frå NRK Barne-TV.

Det blir Akvarie-verkstad 45 minuttar før framsyning der publikum kan bli med og lage sjødyr. Etter framsyninga får publikum høve til å helse på skodespelarane.

Nede under havoverflata ventar prinsar og havfrueprinsesser, havhekser og havkongar – og draumen om å finna ekte kjærleik. Den yngste av dei seks døtrene til havkongen, Den lille havfruen, er ikkje som alle dei andre. Ho drøymer om det magiske landet over havet der menneska bur. Ein dag vert lengta mot landet der oppe over havet for stort og Den litle havfrua sym opp til havoverflata og forelskar seg i vinden, sola, fuglane, skyene og i ein vakker prins. Vert draumen oppfylt? Får Den lille havfruen faktisk det livet ho drøymer om?

Framsyninga har fått strålande kritikkar: «Barneteatret Vårts Den lille havfruen er altså nydelig, småmorsom og gripende på én gang», skriv Sunnmørsposten og trilla terningen til 6.  «Vakkert, varmt og visuelt om kjærleik og dårskap», skriv Klassekampen i sin melding.

Hausten byr på høve til å trekke inn på kulturhuset for å samlast som familie og få med seg eventyret fortalt i teatret si magiske ramme.

Framsyning på Sjøborg kulturhus onsdag 27. september.