Førstkomande fredag startar dei såkalla Knockout-rundene i talentkonkurransen The Voice på TV2. Som mange sikkert har fått med seg er tre av deltakarane som så langt har gått vidare i konkurransen, heimehøyrande i vårt distrikt. Det er Kaja Rode og Karina Pieroth frå Ulsteinvik og Elise Nærø frå Fosnavåg.

TV2 fortel at dei første Knockout-rundene går førstkomande fredag 29. september. Kort fortalt går desse rundene ut på at deltakarane syng kvar sin song og så må mentoren deira velje kven av dei to som skal gå vidare til livesendingane.

Tre program er vigd til denne delen av konkurransen. Først i program nummer to, som vert synt onsdag 4. oktober, får vi møte våre lokale heltar. Det er Kaja Rode som skal først i elden. Ho skal møte oslojenta Mona-Linn Bremer Owe. Også Elise Nærø deltek i dette programmet og ho skal konkurrere mot Isabelle Eberdean Bjørneraas frå Trondheim.

Neste fredag, 6. oktober, er det Karina Pieroth sin tur. Då møter ho Ida Lunde frå Stavanger.

Livesendingane startar fredag 13. oktober.