Gler seg F.v. Siv-Marit Røyset Kaldhol, rektor ved Hareid ungdomsskule, Torgeir Hauge, rektor ved Hareid musikk- og kulturskule, Marte Grimstad og Inga Drevland gler seg til framsyninga i Hareidhallen 18. oktober. Dei oppmodar alle til å kome å sjå på og mimre tilbake gjennom 100 års Hareidhistorie.
            (Foto: Ragnhild Vartdal)

Gler seg F.v. Siv-Marit Røyset Kaldhol, rektor ved Hareid ungdomsskule, Torgeir Hauge, rektor ved Hareid musikk- og kulturskule, Marte Grimstad og Inga Drevland gler seg til framsyninga i Hareidhallen 18. oktober. Dei oppmodar alle til å kome å sjå på og mimre tilbake gjennom 100 års Hareidhistorie.Foto: Ragnhild Vartdal

Storslått historieframsying i høve 100-årsjubileet til Hareid kommune:

– Ein sjanse til mimring

Under Hareidsstemna skal tiandeklassingane ved Hareid ungdomsskule i tett samarbeid med musikarar frå Hareid kulturskule lose publikum gjennom Hareidhistoria frå 1917–2017.

– Vi oppmodar alle til å kome å sjå på framsyninga som tek stad den 18. oktober i Hareidhallen, seier Siv-Marit Røyset Kaldhol, rektor ved Hareid ungdomsskule, og legg til:

– Denne kvelden må vi fylle Hareid si storstove.

Framsyninga er ein av fleire programpostar under Hareidsstemna i år. «Fortid vert framtid» er namnet på framsyninga og den baserer seg på eit nyskrive spel av Leiv Arne Grimstad. I spelet får dei frammøtte fylgje ein hareidsdøl som vandrar gjennom dei ulike tidsbolkane som utgjer den 100 år lange historia. Supplert med musikkinnslag henta frå kvart desennium og filmintervju med ti personar som representerer kvart sitt tiår, vert dette ei framsyning som kan få kven som helst til å mimre.

– Leiv Arne har gjort ein kjempejobb. Eg trur framsyninga vil fange interessa til både eldre og yngre, for historia gjeld alle, seier Torgeir Hauge.

Ti intervju

Dei 44 tiandeklassingane ved Hareid ungdomsskule er allereie i gong med førebuingane til framsyninga. Eit utval av dei har allereie sikra godt intervjumateriale av dei ti representantane for kvart tiår som skal visast fram under framsyninga.

– Vi har valt ut ti personar som vi veit er glade i å fortelje. Og nokre har prata i over ein time, seier Inga Drevland og Marte Grimstad som saman med nokre til har utført intervjua.

– Ein blir så godt kjend med personen når ein gjer eit slikt intervju. Samtalen blir ein heilt annan enn om ein berre skulle vere der på eit tilfeldig besøk, legg Drevland til.

Jentene verkar å ha lært mykje om historia til Hareid allereie. Heile neste veke er sett av til øving for tiandeklassingane, som både skal øve på rollespel og songinnslag.

Treng kostyme

– Men vi treng kostyme. Så eg håper fleire i bygda vil hjelpe til å leite fram tidsriktige kle frå kvart tiår. Alt er av interesse, vi treng både kle, hattar, vesker, sko og anna, seier Kaldhol.

Har du noko liggande, kan du kontakte Hareid ungdomsskule eller Ingvild Åkervik.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: