– Ja, eg er mildt sagt blodfan av Pink Floyd, og Brit Floyd er noko av det betre når det gjeld etterlikning, sa Andreassen til Vikebladet Vestposten i pausen.

Han har vore på konsert med Pink Floyd mange gongar og viser lokalavisa at han på høgre arm har fleire tatoveringar relatert til bandet. Han kom til Ulsteinvik onsdag og kombinerer konsert med å besøkje broren.

– Det som er bra med Brit Floyd er at dei også spelar låtar som ikkje er av dei mest kjende frå Pink Floyd, seier Andreassen.

Han er svært fornøgd med konserten, men påpeikar at bandet har ein defekt høgtalar på venstre sida av scena.

Ny konsert?

Dagen etterpå er kultursjef Leif Ringstad i full sving med å organisere opprydding i hallen då lokalavisa ringer.

– Eg har fått utruleg mange gode tilbakemeldingar frå publikum. Det er veldig mykje vellæte, folk er entusiastiske og det er sjeldan vi får så god respons på ein konsert, seier han.

Korleis synest du Ulsteinhallen fungerte som konsertarena?

– Sjølv om det er ein idrettshall, synest eg den fungerte veldig godt som konsertarena. Også bandet har gitt gode tilbakemeldingar, og ifølgje artistbyrået Live Nation kjem Brit Floyd gjerne tilbake til Ulsteinvik.

Kan det verte aktuelt å gjenta suksessen?

– Ja, det blir i så fall i 2019, seier Ringstad, som ikkje vil fortelje kor mykje det kosta å få bandet til Ulsteinvik.

– Men vi kjem til å gå i balanse, truleg også med eit lite overskot, seier han.

Torsdag var rundt ni hundre menneske samla i Ulsteinhallen. Leif Ringstad meiner hallen toler endå større folkemengder.

– Ja, hallen er absolutt stor nok til 2000 sitjeplassar. Det kom folk frå heile Sunnmøre og også frå Romsdal, så dette kan absolutt gjentakast, seier Leif Ringstad.