Dette er tredje året på rad at Foreningen! les, som arbeider for å fremja lesing i alle samfunnslag, og formidlar litteratur til barn, ungdom og vaksne, er nominert til den gjæve prisen.

Årets nominasjonar til ALMA-prisen (Astrid Lindgren Memorial Award) blei offentleggjort torsdag på bokmessa i Frankfurt.

Blant 235 kandidatar frå 60 land skal ein jury kåra vinnaren i år, som blir offentleggjort i mars neste år og får fe m millionar svenske kroner. Det er institusjonar og organisasjonar frå heile verda som har nominert kandidatane. I juryen sit elles oldebarnet til Astrid Lindgren Johan Palmberg.

– Vi er sjølvsagt svært stolte og jublande glade for at vi er nominerte på nytt. Det å bli nominert til den største litteraturprisen i verda for barne- og ungdomslitteratur er ein stor aksept av arbeidet vårt, seier dagleg leiar i Foreningen! les, Silje Tretvoll.

Dei andre nominerte er illustratørane Lisa Aisato, Lene Ask og Øyvind Torseter, forfattarane Rune Belsvik, Gro Dahle, Harald Rosenløw Eeg, Marit Kaldhol og Bjørn Rørvik, og Fam Ekman, Anna Fiske, Stian Hole, Svein Nyhus, som blir lista som både forfattarar og illustratørar.

Dei internasjonalt nominerte tel mellom anna forfattaren Neil Gaiman, Lindgrens eigen illustratør Ilon Wiklund og barnebokbiblioteket på Lampedusa.