CorSonus, med dirigent Iris Tangen Nanseth i spissen, gjorde det svært godt under NM for kor i Trondheim fredag og laurdag. Det to år gamle koret stilte i to klasser, opa klasse A og klasse A for damekor, der det blei høvesvis 1. plass med imponerande 93,58 poeng og 5. plass med 89 poeng. Men om ikkje det var nok blei CorSonus plukka ut til Grand Prix, ein slags finale for dei kora som imponerte mest. Her blei det kåra ein vinnar, ei vokalgruppe frå Oslo, medan dei seks andre kora ikkje fekk noko bestemt plassering.

- Det var heilt enormt å få synge for 1.000 tilskodarar i den store Olavshallen. Ei heilt vanvitig oppleving. Eg er veldig stolt av koret, seier dirigent Iris Tangen Nanseth til Vikebladet Vestposten.

I opa klasse A song CorSonus den bulgarske folketonen "Kaval Sviri", "Say Something" og den norske folketonen "Mannen og Kråka". I klasse A for damekor song koret "Eatnemen Vuelie", "Gjendines Bådnlåt" og sist men ikkje minst "Amazing Grace".

- Vi reiste opp med buss fredag, då vi skulle vere med i opa klasse fredag kveld. Vi song i Frimurerlogen, som rett og slett var eit fantastisk bygg å få synge i. Det var ei oppleving i seg sjølv. Laurdagen var det tidleg opp og synge i klasse A for damekor i Olavshallen. Etter dette vart det tid til å høyre på andre kor. Det er ikkje berre å syngje NM handlar om, men også å bli inspirert av andre. Det er Norge sine beste kor som er samla til denne konkurransen, og det betyr mykje for oss som eit relativt nystarta kor å få lære av dei andre kora, seier Iris Tangen Nanseth.

Plukka ut til Grand Prix

Så blei det klart at CorSonus blei vinnaren av opa klasse A. Koret blei så plukka ut til å vere med i Grand Prix, ein slags finale for dei sju kora som imponerte mest i konkurransen.

- Det er stor prestisje å bli plukka ut til å delta i Grand Prix. Men vi hadde eigentleg ikkje trua på at vi skulle få vere med. Vi blei faktisk ropt opp sist også, så vi var usikre heilt til det. Vi fekk også synge sist, og med det avslutte heile NM, i Olavshallen, framfor eit publikum som ikkje akkurat er kvardagskost for oss. Blant dei var også vår eigen fanskare, noko som gjorde det ekstra spesielt, seier Tangen Nanseth.

Som legg til at sjølve opplevinga av å vere med i NM har inspirert koret mykje.

- Vi fekk mange spørsmål frå andre korsongarar, som lurte på kor lenge vi hadde heldt på. Dei blei nesten litt sjokkerte då vi fortalde dei at vi "berre" har eksistert i to år. Koret har jobba knallhardt dei siste to månadane, og då er det veldig kjekt at vi får så godt betalt som vi gjer. Det er imponerande for eit kor som har eksistert i to år å hevde seg slik blant Norge sine beste kor. Dessutan tek vi med oss mykje god lærdom frå dei tilbakemeldingane vi fekk frå dommarane gjennom heile konkurransen.

Siréne godt nøgde

Siréne var også med under NM i Trondheim. I A-klassen for damekor enda CorSonus til slutt opp på ein 5. plass med 89 poeng, like bak nemnte Siréne på 4. plass (89,17).

- Vi er veldig godt nøgde med årets prestasjon i NM, seier dirigent Torgeir Hauge til Vikebladet Vestposten.

Siréne var også med i klassen Sakral, der dei måtte konkurrere med mange kor. Her kom Siréne på ein 3. plass, noko dirigenten meiner er svært bra.

- Dette var ein klasse med kammerkor, damekor og mannskor. Ein tredjeplass i dette selskapet er vi godt nøgde med. Det var så mange dyktige korsongarar i aksjon og så mykje flott korsong, seier Hauge.

Herøy-baserte Cervix Vocales var også med i Trondheim, og stilte i klasse B for damekor. Her enda koret på ein 3. plass.

- Vi er privilegerte som kan stille med heile tre kor frå søre luten blant Norges beste, seier Torgeir Hauge avslutningsvis.