På førehand var leiinga spente på om publikum ville svikte årets tilstelling. Sidan slutten av 1980-talet har Hareid mållag nemleg hatt Holesandhytta som fast balljegove-stad i samband med Hareidsstemna, og publikum har slutta godt opp om tiltaket. Men med åra har Holesandhytta blitt i minste laget for arrangementet, parkeringsplassane har vore for få - og armslaget i minste laget for dei som regjerer over ballegrytene på kjøkkenet.

Styret bestemte seg derfor for å flytte arrangementet til Hareid ungdomsskule.

- Skeptikarane som meinte det ikkje ville kome folk til ungdomsskulen, tok feil, seier leiar Einar Måseide i Hareid mållag. Ikkje ein stol var ledig då arrangementet starta og ballelukta byrja å sive inn i lokalet.

350 ballar

Solveig Trovåg, Siv-Marit Røyset Kaldhol og Ingvild Aakervik hadde i timesvis stått over ballegrytene på skulekjøkenet - og dei gav seg ikkje før dei hadde fått 350 ballar i grytene. Saman med bacon, pølser og rabbe var dette nok til å mette heile møtelyden. Under arrangementet i fjor gjekk mållaget tome for ball før serveringa kom inn til peisestova på Holesanden, og ein reprise på dette var ikkje aktuelt.

Med god hjelp frå smidige og lettføtte 10.-klassingar ved Hareid ungdomsskule glei serveringa lett mellom borda, og alle vart mette.

Fornøyeleg om helsehuset

Den første hovudposten denne kvelden var ein helsehus-sketsj, skriven av Leiv Arne Grimstad der «ålesundskvinna» Babben Figenschou (Evelyn Røren) kom til Hareid for å få ein konsultasjon på det nye helsehuset, som ho hadde lest om i avisa. På Hareid passerte ho Kristian Fuglseth, som dreiv og slo plenen med ljå – noko ho fann underleg ettersom dei i Ålesund hadde robot-grasklipparar. Babben vart vist vidare til helsesjef Ståle Røyseth, som berre måtte beklage at helsehuset berre stod på budsjettet, men han tilbaud seg meir enn gjerne å ta ein konsultasjon. – Kle av deg, formante han i det han sette fram ei badevekt … og dermed bar det laust … til stor jubel.

Odd Kåre Wiik – alltid ein fulltreffar

Men balljegova er meir enn sjølve ballen. I år hadde mållaget hyra inn Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid til å stå for den musikalske serveringa. Dei baud på både Leonard Cohen og sjølvkomponerte ting.

Årets verbale trekkplaster var Odd-Kåre Wiik frå Gursken, og han svikta ikkje. Gapskratten runga gjennom lokalet når Wiik fortalde om ungkarar på Sandsøya og talemåtar som kunne få born til å ligge vakne om natta – t. d. når det ved middagsbordet vart sagt at «ho Anna har mist hovudet», og yngstebarnet trudde tante Anna hadde fått – ja, kappa av seg hovudet. Historia om orkanen sine herjingar i Gjerdsvika i 1992, der ein frysar full med saudehaud vart råka – og saudehauda flaug hundrevis av meter bortetter markane - var kosteleg. Wiik var også glitrande då han ved hjelp av ei alpehue klarte å agere både onkel Per og Hans i same historia. Og då han skildra korleis bestemora gnika ein piasavakost mot skallen på avlsoksen for å få fart på sakene då nabokyra kom på vitjing, var det nummeret før taket i aulaen letta.

Går til satsing på borna

Leiar Måseide kunne opplyse at overskotet på balljegova går til å byggje opp eit bibliotek med nynorske barnebøker, som skal gå på omgang mellom alle barnehagane i Hareid kommune.

Hareid mållag har no om lag 130 medlemer.

Leiv Arne Grimstad var programleiar, medan Hareidsstemne-leiar Kari Riise takka for arrangementet og delte ut «Årets stemnekunst». Ho traff spikaren på hovudet med formuleringa: «Vi går her i frå tyngre i magen, lettare til sinns og varmare i hjartet.»

10.-klassingen Adolfus Jacobs serverer ball til Oddrun og Henrik Fjelly og Hallgeir Teigene.