Klippfisk og fisk generelt står ikkje så ofte på norske middagsbord, men ut ifrå responsen frå 6.-klassingane ved Hasund skule burde desse råvarene nyttast i heimen langt oftare.

Onsdag denne veka hadde 6.-klassingane besøk av Mette Marie Scott-Dahl frå Klippfiskakademiet. Ho opptrer dette skuleåret som kokk på hjul og med seg i bilen har ho alt som trengst av utstyr og råvarer.

På turen har ho også med seg ein heil klippfisk som elevane får studere på nært hald, medan ho fortel om så vel kystkultur og matkultur knytt til denne særskilde råvara.

På menyen stod klippfiskbollar og båtpoteter med dip, red curry fiskesuppe og til dessert, sjokoladefondant. Alt tillaga av elevane sjølve, under rettleiing av kokken Mette og lærar Tove Ulstein.

Nyoppussa

Maten vart tillaga og servert i det nyoppussa skulekjøkenet ved Hasund skule som har vore gjennom ein retteleg makeover i løpet av sommarferien.

Omtrent halvparten av elevane i gruppa som er i sving då vi vitja klassen på onsdag hadde aldri smakt klippfisk før, og enkelte var litt skeptiske.

– Det var kjempegodt!

Elevane gav klippfiskbollane karakterar som varierte frå fem til ti av ti moglege. Og både fiskesuppa og særleg sjokoladefondanten fall også i smak.

Meir enn klippfisk

Namnet «Klippfiskakademiet» er litt misvisande, sidan stiftinga ønskjer å formidle kunnskap om alles typar mattradisjonar og råvarer frå Møre og Romsdal, ikkje berre klippfisk.

– I tillegg til å gi borna kunnskap om vår eigen matkultur, ønskjer vi også å auke forbruket av fisk, eit forbruk som diverre har gått noko ned. Fisk er ei berekraftig råvare, så om nokre av kjøtmiddagane til dømes kan bytast ut med fisk, då er vi på rett veg. Vi jobbar også medvite med tanke på rekruttering, ikkje berre innan fiskeri, men også innan hotell- og restaurantnæringa. Noreg manglar i dag 800 kokkar, fortel Mette Marie Scott-Dahl.

Klippfiskakademiet har undervisningsopplegg både for born i barnehagen og elevar på vidaregåande.

500 sjetteklassingar

Sjølv konsentrer ho seg dette skuleåret om sjetteklassingane. Så langt i haust har ho gjesta 13 kommunar, 19 skular og helst på rundt 500 sjetteklassingar over hele fylket.

– Den minste klassen eg har besøkt var i Geiranger, der var det fem elevar, seier Mette som i dag, torsdag, har tatt turen til Haddal skule. I forgårs var det Bigset som fekk besøk.

– Det er viktig at borna får rom og tid til å eksperimentere med matlaging på kjøkenet. Om det vert litt rot så er ikkje det så farleg. Det viktigaste er å skape matglede, seier Mette Marie Scott-Dahl som understrekar at gode haldningar, også til fisk, vert skapt tidleg.

Elevane stilte seg fint i buffet-kø då maten dei hadde laga var klar til å serverast. På menyen stod det klippfiskbollar som forrett, fiskesuppe som hovudrett og sjokoladefondant som dessert. Foto: Jorulf Myrene