Laurdag var det klart for høgdepunktet under Hareidsstemna, med den storslåtte Stemnefesten. Her vart også Hareidsprisen – Kulturprisen i Hareid kommune delt ut av ordførar Anders Riise.

– Det er mange som kunne fortent ein slik pris når ein ser alt som blir levert på scena her i dag, sa Riise før han las opp grunngjevinga for årets prisvinnar.

”Levekårsutvalet har også i år hatt fleire aktuelle kandidatar å velje mellom, noko som også stadfestar at det frivillige kulturarbeidet står sterkt i vår kommune. Kulturprisen 2017 går til nokon som i over 40 år har gjort eit særleg stort og verdifullt arbeid som dekkjer det utvida kulturomgrepet i Hareid kommune.

Kulturarbeid er å vere villig til å bruke av si tid til arbeid som kjem andre til gode. Til å arbeide med å skape samhald og ei kjensle av tilhøyrsle. Kulturarbeid er å sjå verdien i at kvar og ein av oss er med i eit fellesskap, at det er vi innbyggjarane som samla utgjer bygdene våre og kommunen vår.

Dagens kulturprisvinnar vart skipa 21. mars i 1974, på Hareid ungdomsskule. Det første konstituerande styremøtet i laget var 24. april i 1974, heime hjå leiar Henrik Landmark i Brandal. Allereie i skipingsåret vart første årsskriftet gjeve ut. Prisvinnaren har gjennom eit høgt tal møte og samkome, i alle delar av kommunen, stått for eit formidlingsarbeid av all slags kulturformer. Arrangement med målarkunst, fotografi, musikk og forteljing. Opplesing, vandringar, film, utstillingar og mykje meir. Dette har lagt eit unikt grunnlag for ein særleg stor og verdifull innsats som dekker mange kulturområde i 43 år.

Prisvinnaren i år sluttar seg i ein sirkel av kulturskapande arbeid. Frå skipinga i 74 kan ein nemne høgdepunkt som medskipar av Ishavsmuseet Aarvak, filmen om Hareidselva og no arbeidet med kommunen si hundreårssoge. Denne boka er snart klar for utgjeving.

Det er snakk om hundrevis av styremøte, opne møter og samkome, arrangement og tusenvis av selde bøker, tidsskrift og hefte. Arbeidet er særs godt dokumentert gjennom kontinuerleg og nøye innsats av hardtarbeidande medlemmar som har lagt ned ein uvurderleg innsats over fleire tiår.

Prisvinnaren har gjeve ut 32 årsskrift, det første allereie i 1974 og fram til nummer 32 no i 2015. Den dekte historia frå Kvitneset i samband med 70 årsmarkeringa av frigjeringa i 1945. Alle desse bøkene er kjende for å vere rikt illustrerte og ofte med materiale som tidlegare ikkje har vore offentleggjort. Årsskrifta dei første 15 åra strekte seg tematisk frå ishavshistorie, fiskerihistorie til rike historier om ungdomsminne, segner og skikkar i Hareid, Bigset, Brandal og Hjørungavåg.

Nummer 11, frå 1985, skil seg derimot ut med utgjeving av brevsamling frå sjøfolk og emigrantar.

Gjennom årsskrifta er også soger med tilknyting til slaget ved Hjørungavåg dekte, om Jomsvikingane og to skodespel om sjølve slaget. Frå 1998 skreiv Peder Måseide elles fleire årsskrift, ”Folk å minnast” og ”Ei tid var”-utgåvene. Det siste kom ut i 2015.

No er det nok mange som har forstått kven prisvinnaren er.

Levekårsutvalet har bestemt at Kulturprisen 2017 – Hareidsprisen, skal gjevast til Hareid Historielag.”

Einar Holm tok imot prisen på vegner av historielaget.