Hareid Ten Sing gjorde det dei kunne for å vekke publikum etter kakepausen under Stemnefesten laurdag. Ungdomane sparka i gang den andre delen av festen med Gabrielle-songen ”Vekk meg opp”.

Men før koret og musikarane fekk ta opp tonen for kveldens andre nummer dukka ordførar Anders Riise og Sonja Dimmen frå Sparebanken Møre opp med både diplom, blomar og ein sjekk til Hareid Ten Sing, som er årets vinnarar av Ungdomens Kulturpris i Hareid kommune.

Anders Riise las opp grunngjevinga for at Hareid Ten Sing fekk prisen:

– Sparebanken Møre Hareid og Hareid kommune har i fleire år samarbeidd om å dele ut Ungdomens Kulturpris. Prisen er på 15.000 kroner, med eit diplom som synleg bevis. Ungdomens Kulturpris for Hareid kommune blir gitt til einskildpersonar under 25 år, grupper, lag eller foreiningar som gjennom året eller i løpet av fleire år har gjort ein særleg verdifull innsats innan det utvida kulturomgrepet.

Den kan delast ut som ei oppmuntring for utført innsats eller som eit stipend for vidare inspirasjon. Representantar frå Sparebanken Møre og Hareid kommune har gått gjennom alle dei aktuelle kandidatane og gjort eit endeleg val av prisvinnar.

Den store breidda i kulturlivet i Hareid kommune gjer at vi har hatt mange aktuelle kandidatar som har gjort seg fortente til ein slik pris. Vi er heldige i kommunen som har så mange som verkeleg står på for at vi skal ha eit rikt kulturliv i bygdene våre. Stor takk til alle desse.

I år var det ein klar kandidat som merka seg ut. Kandidaten har vore svært synleg i kulturlivet i Hareid kommune gjennom mange år. I 1972 kom Haldor Tuvin som lærar til Hareid. Han hadde vore i Engen kino i Bergen og høyrt Bergen Ten Sing, og vart overbevist om at dette var ein positiv ting. Dei som blei med i det første styret, ifølgje årsmeldinga frå 1972 var Turid Engen, Svanhild Giskeødegård, Per Arne Brandal, Gunmar Grimstad og Leidulv Hareide.

Koret vart svært populært blant ungdomen. Dette var noko nytt innan den kristne songmiljøet i bygdene, for her tok ein i bruk musikk og rytme som var uvane for mange. Folk i Hareid vart fort svært positive til koret og første gongen dei tok del i Hareidsstemna var på Stemnefesten i 1974. Gjennom alle åra har koret vore ein samlingsstad for ungdomen. I år er dei oppe i 60 medlemmar og ein har hatt svært godt oppmøte på øvingane. Dei har tidlegare gledd folk i bygda med frisk og fin korsong, på alt frå gudstenester til basarar, eldrefestar og større arrangement. Eit godt eksempel på dette er at dei er her og bidreg på Stemnefesten.

Ungdomens kulturpris blir gitt som ei påskjøning for det arbeidet som er gjort gjennom mange år og som ei oppmuntring for å halde fram med det viktige kulturarbeidet. Nemnda meiner prisvinnaren har gjort ein særleg verdifull innsats innanfor kulturlivet i Hareid i mange år, og det er ei stor glede å dele ut Ungdomens Kulturpris 2017 til Hareid Ten Sing.