Maria Parr er ein av dei nominerte til Bokhandlerprisen.
            (Foto: Pressebilete.)

Maria Parr er ein av dei nominerte til Bokhandlerprisen.Foto: Pressebilete.

Dei nominerte er klare:

Parr og Teige nominert til Bokhandlerprisen

Vanylvingen Maria Parr og herøyværingen Trude Teige er nominert til den gjeve prisen for si siste bok, kritikarroste «Keeperen og havet».

Det er dei tilsette i bokhandlane i Norge som har stemt fram ti nominerte bøker til årets Bokhandlerpris. Ifølgje Nynorsk Pressekontor har det i alt blitt stemt på over 100 boktitlar. Kriteriet er at bøkene det blir stemt på må vere frå gjeldande år, i tillegg til at forfattaren er norsk og at det må vere skjønnlitteratur/generell litteratur. Her er også bøker for barn og ungdom inkludert.

Torsdag blei dei nominerte forfattarane klare:

Maja Lunde med «Blå», Lars Saabye Christensen med «Byens spor», Tom Egeland med «Lasaruseffekten», Helga Flatland med «En moderne familie», Jørgen Jæger med «Guden», Jan Kjærstad med «Berge», Maria Parr med «Keeperen og havet», Siri Pettersen med «Bobla», Trude Teige med «Pasienten» og Carl Frode Tiller med «Begynnelser».

Vigdis Hjort fekk prisen i 2016 for romanen «Arve og miljø». Sjølve utdelinga av årets pris skjer 23. november, på Litteraturhuset i Oslo.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: