Halloween er skræmande nær, med det som fylgjer med av tigging ved dørene og meir eller mindre fantasifulle kostyme. Men det fanst folk med tiltak før i tida også, noko ein artikkel i Vestposten frå oktober 1982 gir eit døme på.

Under overskrifta "Skrymt på Bjåstad?" kan vi lese om eit ektepar som opplevde noko særs uventa då dei var ute og gjekk kveldstur.

"Då vi kom til Bjåstad, spaserande etter gangvegen, i nitida torsdag kveld, kom det brått ein utkledd skapning springande frå skogsvegen og slo seg ned i hagen til Ragnvald Bjåstad. Han var sveipt i eit svart klede som han nærast drog etter seg som eit slep. Det var drege som ei hette over hovudet, berre med utklipp for augo, og i panna var montert to ufjelge horn. I hagen vart han liggjande og bure", fekk Vestposten opplyst.

Ekteparet vart naturleg nok oppskaka etter hendinga, og framheldt overfor avisa at dersom nokon med veikt hjarte hadde blitt utsette for noko slikt, så er det ikkje godt å vite kva som hadde skjedd.

Avisa fylgjer opp saka nokre dagar seinare under tittelen "Horn frå Hjørungavåg?". Då har redaksjonen fått vitjing av ein mann frå Hjørungavåg som fortel at han har lese saka om skrømtet på Bjåstad.

- Då tenkte eg: Du skal sjå det er DER horna til den slakta storoksen min har teke vegen, fortalde mannen.

Horna til storoksen var i si tid festa på ei mahogniplate ved fjøsdøra og vart mellom anna nytta til å henge frå seg arbeidstøy på. Ikkje så lenge før episoden på Bjåstad var både horn og plate sporlaust borte.

Så langt Vestposten.

Kven var eigentleg skrømtet på Bjåstad? Og er det ein samanheng mellom skrømtet og dei forsvunne storoksehorna i Hjørungavåg?

Veit du noko om dette, så ta kontakt med Vikebladet Vestposten.