- Det er veldig stor stas å kunne ønskje Adam velkomen til Ulsteinvik. Han hadde mange fans her i området frå før, men etter at han gjekk sigrande ut av NRK-sende "Stjernekamp" har det nok blitt mange fleire. Det er kjempeartig at vi fekk til dette no, i kjølvatnet av sigeren, seier Kristine Brungot, kulturkonsulent og kinosjef i Ulstein kommune.

Douglas speler konsert berre på to stader i regionen i mars neste år. 22. mars kjem han til Ulsteinvik.

- Det er berre å setje av datoen i kalenderen. Det er jo ekstra kjekt at han vel oss i Ulsteinvik utanom Terminalen i Ålesund, seier Brungot.

Byrja i Woodleg Odd

Dei som hugsar då NRK sin "Sommerbåten" var i Ulsteinvik i 2015, hugsar også at Adam Douglas var eit av songinnslaga den gongen.

Douglas er nok for mange her i regionen mest kjend som vokalist i Woodleg Odd, soul- og bluesbandet frå Sykkylven. Han kom til Norge og Sykkylven i 2007, då bandet var nøydde til å finne ein ny vokalist. Han flytta til Austlandet etter tre år i Woodleg Odd, og har satsa på ein solokarriere sidan, i tillegg til å synge i bandet High Red.

Med sigeren i "Stjernekamp" er han fullbooka i lang tid framover.

Sjøborg Kulturhus melder samstundes at konserten med Finn Kalvik som eigentleg skulle gå fredag er avlyst grunna sjukdom.