I dag er Den store kinodagen. Det er tretti år sidan denne dagen vart markert første gongen.

På Sjøborg kino er dei i full gang med å vise filmar til halv pris. Før barne- og familiefilmane er det ansiktsmåling for borna.

Før visninga av filmen "My Little Pony" krydde det av småjenter som ville bli sminka som favorittponnien sin. Ei av dei var Alma Sætre (4 1/2 år) frå Larsnes. Ho hadde tatt turen i lag med farmora Ragnhild Vasstrand. Farmora synest det er artig at dei lagar litt show rundt kinoen.

Det blir filmar heile dagen på Sjøborg kino. No på dagtid er det ein del barne- og familiefilmar. Utover kvelden blir det filmar for eit vaksnare publikum. Der er også trekking av premiar og andre overraskingar.