Adam Douglas, vinnar av Stjernekamp i haust og tidlegare vokalist i Woodleg Odd, skal halde konsert på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik 22. mars. Rundt lønstider torsdag denne veka la kulturkontoret ut billettane til sals. Sidan då har billettane gått unna som varmt kveitebrød. Det er tydeleg at det er mange som vil få med seg konserten med denne talentfulle amerikanaren.

Det er berre enkeltbillettar ledige nede i salen. Om ein er fleire som vil sitje i lag finn ein ledige plassar oppe på galleriet, men også desse byrjar gå unna. Så om du har tenkt deg på denne konserten bør du nok ikkje vente så alt for lenge med å bestille billett.