Jussi Bjørling har vore til stor inspirasjon for Bror Magnus Tødenes. På julekonserten sin i Ulstein kyrkje vil han syngje

Jussi Bjørling har vore til stor inspirasjon for Bror Magnus Tødenes. På julekonserten sin i Ulstein kyrkje vil han syngje "O helga natt". (arkivfoto)Foto: Bertil Tødenes

Julekonsertane står i kø i Ulstein

Det blir rikeleg med høve til å kome i god julestemning fram mot jul.

I Ulstein blir det mange julekonsertar før jula ringjer inn.

Først ute er Maria Haukaas Mittet, Rune Larsen, Alexander Rybak og Hans Marius Mittet med konserten "Stille natt, hellige natt" som er i Ulstein kyrkje tysdag 28. november.

Det blir også julekonert med den internasjonalt prislønte tenoren Bror Magnus Tødenes frå Eiksund. Han syng i Ulstein kyrkje torsdag 7. desember. Det blir ein akustisk konsert der han har med seg Hallvard Fremstad på piano. Han vil sjølvsagt framføre "O Helga Natt". Det blir også mange andre godbitar.

Laurdag same veke, 9. desember, kjem Oslo Gospel Choir og held julekonsert i Ulstein Arena. Gjennom to tiår har jula for mange vore knytt til lyden av denne legendariske samansetjinga av røyster.

Torsdag 14. desember kjem sjølvaste Bugge Wesseltoft til Sjøborg kulturhus, "Snowing on my piano".

Ulstein Storband gjentar suksessen frå ifjor med Christmas Dinner Show, det er fredag 15. desember og laurdag 16. desember.

Sundag 17. desember er det tid for Vi syng jula inn i Ulstein kyrkje.

Og 22. desember er det tid for den årlege Julenattineen i Ulstein kyrkje.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: