Julekonsert: Nokre av dei som skal delta på «Min favoritt»-julekonserten 21. desember; fram om pianoet pianist Svenning Veiseth og pådrivar Iris Tangen-Nanseth. Bak frå v.: Liv-Ellen Overå, Ingrid Smoge, Sofie Gjerde Tonev, Elin Gaustad, Ronald Øvrelid, Odd Goksøyr, Eileen Hareide Brandal, Andreas Stamnes, Torill Overvåg Leirbekk og Toril Oda Ringstad.

Julekonsert: Nokre av dei som skal delta på «Min favoritt»-julekonserten 21. desember; fram om pianoet pianist Svenning Veiseth og pådrivar Iris Tangen-Nanseth. Bak frå v.: Liv-Ellen Overå, Ingrid Smoge, Sofie Gjerde Tonev, Elin Gaustad, Ronald Øvrelid, Odd Goksøyr, Eileen Hareide Brandal, Andreas Stamnes, Torill Overvåg Leirbekk og Toril Oda Ringstad.

«Min favoritt» i Hareid kyrkje

Torsdag 21. desember er Hareidskyrkja arena for ein stor og annleis julekonsert med 14 ulike songsolistar, 7 musikarar og koret Corsonus.

Tittel for konserten er «Min favoritt», d.v.s. at kvar av dei fjorten songsolistane har vorte utfordra på å velje sin eigen favorittjulesong.

Kyrkjelydspedagog Barbro Landmark fortel at det er fleire grunnar til at tiltaket kjem no. Den eine er at Hareid har så mange dyktige og lovande songarar, at det var på tide å la dei utfalde seg i ein eigen konsert. – Det er fint med «Vi syng og spelar jula inn»-konsertane, som blir haldne søndagen før, men dei er først og fremst for kora og korpsa. No vil vi også vise breidda av solistar.

– Alle sa ja

– Alle som fekk spørsmål om å delta, sa ja, fortel Barbro Landmark.

– Det vil seie; ein av dei tilspurde er i det militære – og måtte seie nei av den grunnen.

På lista over solistar finn vi namn som har gitt lyd frå seg i ulike samanhengar før. Men litt overraskande kanskje er det at tidlegare rådmann Bent Arild Grytten figurerer på lista. Han skal synge «Himmel på jord».

Dei andre solistane ligg i eit aldersmessig spenn frå 16-åringen Liv Ellen Overå til 69-åringen Arild Grimstad. I tillegg til desse tre alt nemnde vil Guro Topphol, Eileen Hareide Brandal, Toril Oda Ringstad, Kristin Overvåg Leirbekk, Ingrid Smoge, Odd Goksøyr, Ronald Øvrelid, Elin Gaustad, Sofie Gjerde Tonev, Andreas Stamnes og Lill Marte Apelseth synge kvar sine songar. Og Iris Tangen-Nanseth, som dreg i trådane til konserten, har med seg damekoret Corsonus, som vil framføre eit spesielt arrangement over «Deilig er jorden». Det blir også høve til å delta i allsongar.

Instrumentale medspelarar er Vegard Topphol på saxofon, Iris Tangen-Nanseth på perkusjon, Jan Erik Hovland på bass, Anita Nøring på trompet, Camilla N. Tangen på trombone, Svenning Veiseth på piano og Andreas Stamnes på gitar.

Hareid kyrkje har plass til fram mot 350 personar, inkludert deltakarane. Det vil nok bli trongt om plassen. Førehandssalet til konserten kjem i gang like over helga - på kyrkjekontoret og i Trådkråa.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: