Andersen er med på boknatta

Unn Conradi Andersen, Marit Tusvik og Lars Amund Vaage er alle aktuelle med nye romanar i haust. Torsdag 16. november kjem dei til Boknatta i Aasen-tunet, der dei både les frå bøkene sine og samtalar med Maria Dyrhol Sandvik. Elin Furubotn og Torbjørn Økland krydrar det heile med vakre songar.

– Det er alltid like spennande å høyre meir om kva tankar forfattarane har kring bøkene sine, og desse nære samtalane er noko av det unike med den årlege Boknatta i Aasen-tunet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding. Han lovar publikum ein lun og innhaldsrik kveld i Aasen-tunet, med god litteratur og musikk, fyr i peisen og Milans tomatiserte linsesuppe med chili og rista tunbrød i kafeen.

Unn Conradi Andersen frå Ulsteinvik er forskar, sosiolog og har tidlegare arbeidd som journalist i VG og Dagbladet. Ho har fått særs god omtale av romandebuten «Alt uavklart», ein intens og utforskande roman om å sjå seg sjølv og dei andre, og ei fascinerande forteljing om kjønn, seksualitet og rase. «Ho koblar familiehistoria om bestefaren til hovudpersonens eiga identitetskrise på nye måtar», skriv Maria Kjos Fonn i Klassekampen.

Samtaleleiar er arrangementsansvarleg i Klassekampen Maria Dyrhol Sandvik, frå Sande kommune.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: