For det er vel ikkje først og fremst opera ein tenkjer på i samband med Hareid Kammerkor. Koret er likevel svært allsidig og fekk vise det denne helga.

Men så var ikkje kammerkoret åleine om konserten heller. Musikklaget Melshorn var utfordra til å stille som orkester til desse konsertane, ei utfordring dei tok hand om på beste moglege vis.

Programleiar med humør

Til å leie publikum gjennom operakveldane var Michael Pavelich, kunstnarisk leiar ved Opera Nordfjord, hyra inn. Pavelich er opphavleg frå Michigan i USA, men var med på grunnlegginga av Opera Nordfjord i 1998.

– Eg er mannen til ei ålesundsjente som er operasjef på Nordfjord, som programleiaren forklarte det.

Pavelich leverte både informasjon om programmet og presentasjon av artistane på ein måte som fekk både publikum og musikarar til å bryte ut i latter.

– Eg skal snakke sakte, slik at eg forstår kva eg prøvar å seie.

Store stemmer

Pavelich krydra konserten med sine krumspring, men det var musikken og stemmene som var det store denne kvelden. Og stemmene, både frå kor og solistar, akkompagnert av Musikklaget Melshorn i storform, vart utruleg flott.

Hareid Kammerkor og Musikklaget Melshorn leverte varene på eiga hand, på både Verdi og Rosini, men konserten nådde sine høgdepunkt med solistane på scenen. Og det skulle kanskje berre mangle når ein har med så dyktige folk.

– Ein stor mann på alle måtar, sa Pavelich om Magne Fremmerlid. Og om mannen er stor er også stemma det.

Saman med Charlotte Fongen skapte han ein vakker kontrast mellom hennar sopran og hans kraftige bass.

Dei gjorde det også skarpt åleine, ho til dømes på Habanera og han som tyrefektar på Toreador-arien, men også den vart betre då Fongen kasta seg med inn mot nådestøyten.

Til avslutninga bydde vertskapet verkeleg opp til fest, med «Libiamo ne’ lieti calici»-brindisien frå «La Traviata».

– Dette er Magne sin debut som smørtenor, eller kanskje heller margarintenor, skjemta Pavelich før han sleppte kor, orkester og solistar i veg for siste gong.