Tysdag kveld blei den nyaste boka hennar «Keeperen og havet» heidra meg Brageprisen 2017 for beste barne- og ungdomsbok.

– Prisen betyr svært mykje for meg. Eg er svært glad, seier ho på telefon til Nynorsk pressekontor dagen etter at ho er kommen tilbake til heimbygda Fiskå på Sunnmøre.

– Like gjævt som første gong

Det er andre gongen Maia Parr får Brageprisen. Ho blei også heidra med den gjæve litteraturprisen for «Tonje Glimmerdal» for åtte år sidan.

– Er det nokon skilnad på å få prisen denne gongen samanlikna med i 2009?

– Nei, det var som om det skulle vore ha vore første gongen, svarar ho kontant. Ho fortel at ho synest dei andre bøkene som var nominerte i klassen for barne- og ungdomslitteratur i år var svært fine og at ho ikkje hadde rekna med å få prisen.

– God stadfesting etter skrivesperre

– Du har tidlegare sagt at du streva litt med å skriva den tredje boka di. Korleis er det då å få ein slik pris?

– I lys av det er det kanskje ekstra kjekt. Eg synest det var ein siger å greia og skriva og få det til. Då er ein slik pris ei stadfesting som eg set utruleg stor pris på.

Maria Parr meiner prisen også er ei oppmuntring til å halda fram med å skriva på sikt.

Også ein annan nynorskforfattar kunne gle seg over Bragepris tysdag. Olaug Nilssen vann den skjønnlitterære klassen med romanen «Tung tids tale». Romanen byggjer på hennar eigen historie om korleis det er å ha ein gut med autisme.