MOT til å glede-dagen vert arrangert kvart år den 23. november, noko som har pågått heilt sidan 2004. Også i MOT-kommunen Ulstein skal denne dagen markerast.

- Vi startar med å møte elevar og tilsette ved Ulstein ungdomsskule med smil, vennlege ord og noko søtt. Deretter har vi ei samling i aulaen der vi markerer denne dagen med mellom anna dans, kjekke oppmodingar og videohelsingar frå våre lokale MOT-ambassadørar Karsten Warholm og Chris Masters, fortel MOT-koordinator og ungdomsarbeidar i Ulstein, Marie Flatin.

Ho fortel at MOT til å glede-dagen handlar om å ha mot til å bry seg om andre.

- Tenk enkelt! Gled bussjåføren, gode vener, naboen, farfar på aldersheimen, læraren, bestemor som sit åleine, klassekameratar, butikktilsette, kollegaer eller borna i barnehagen, oppmodar Flatin.

Alle 7. klassene i Ulstein får besøk av MOT-koordinator Flatin.

- Målet er å spreie glede og å fortelje dei om MOT-verdiane. Utover ettermiddagen er det dessutan ikkje umogleg at folk vil møte engasjerte ungdommar i Ulsteinvik sentrum. 23. november er vi særleg opptekne av å glede andre. Dette er naturlegvis viktig å bry seg om kvarandre alle dei andre dagane i året også, men i dag er vi ekstra merksame på å glede andre, understrekar Flatin.

- Eg vil oppmode alle til å tenke litt utanfor boksen. Det enklaste er nok å glede ein god ven eller eit familiemedlem, men kjenner du nokon som sit åleine og som ikkje har så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal hugse på i dag, er bodskapen frå MOT-koordinatoren.